Våre vakre bygder
Alle bygdene våre har sin eigen unike identitet
Innflyttarven
Kva er ein innflyttarven?
Ein innflyttarven er ein person som veit litt om mangt, og kjenner bygdene våre godt. Det er ein person som veit at Emil er kommunen sin pizza master. At Arvid kan brøyte for deg. At Vrådal Elektro kunne trenge ein erfaren elektriker. At Aslak kan introdusere deg til gamle bryggetradisjonar. Eller at Håkon gjerne tek ein jam. Ein innflyttarven skal koble trådane, og gjere det maksimalt trivelig å kome hit til oss.