Brunkeberg oppvekstsenter har 1.- 4. trinn og barnehage. Skulen har ca. 30 elevar og ligg i naturskjønne omgjevnader.
Skulen legg vekt på tverrfagleg samarbeid og gode, trygge relasjonar mellom barn og vaksne. I løpet av året gjennomfører skulen ulike tverrfaglege prosjekt og dei samarbeidar tett med barnehagen om overgang frå barnehage til skule. Alle lærarar og elevar har læringsbrett og brukar desse aktivt i undervisninga.
Oppvekstsenteret har etablert ein grønsakshage og fått midlar til å sette opp ein flott gapahuk inne på området. Dei er opptatt av å lære både gjennom teori og praksis, i tråd med føringane i Kunnskapsløftet 20 kring tverrfagleg samarbeid og djupnelæring.