image

I Kviteseid har alle born frå 5 til 16 år eit tilbod om å spele fotball. Om lag 90 born er med per 2019, og det er alltid plass til fleire! I tillegg har me treningsgrupper for kvinner og menn som treffast ei gong i veka.

Både Kviteseid Stadion og «gamlebanen» blir bruka til treningar og kampar, og det er derfor nok av plass til å boltre seg på. Utanfor sesong har dei fleste laga innetrening i Kviteseidhallen. 
 
Kvart år blir det arrangert klubbdommarkurs for ungdommane, og dei får då moglegheita til å dømme kampar for yngre lag. Eit eller fleire av dei eldste laga har tilbod om å reise på Norway Cup, noko som er ei svært stor oppleving for ein fotballspelar! 

Kviteseid deltek i Prosjekt Vest-Telemark som har som mål å fremje fotballen i Vest-Telemark. Prosjekt Vest-Telemark jobbar primært innan breiddefotball, men skal óg gje rom og mogelegheit for talenta. Eit overordna mål er å motivere spelarar til å vera aktive så lenge som råd.

image