image

Kviteseid Skyttarlag

 

Kviteseid skyttarlag høyrer til Vest-Telemark skyttarsamlag og har i underkant av 200 medlemmer. Laget har utandørsbane i Strauman med åtte elektroniske skiver på 300 meter, seks skiver på 100 meter og eit nyrestaurert skyttarhus. Anlegget blir brukt til organisert trening og til konkurransar frå påske til 25. september.

Utesesongen startar vanlegvis skjærtorsdag med eit internt feltstemne med tradisjonar langt tilbake. Frå slutten av april til midten av september har laget normalt seks interne skytingar på laurdagar eller sundagar, tre før og tre etter skuleferien. I tillegg arrangerer laget det årlege Straumanstemnet 2. pinsedag for skyttarar i Telemark. Stemnet har gått utan avbrot frå 1970. Laget leiger banegrunn av S. D. Cappelen Skoger. Det blir drive storviltjakt i området, og banen er difor stengd frå 25. september så lenge jakta pågår.


Frå november til påske foregår den organiserte aktiviteten innandørs i Kviteseidhallen, den kommunale idrettshallen nord for Kviteseid sentrum. Her er det fem elektroniske skiver og gode fasilitetar elles.

image