Øystein er regionen sin «bladfyk», det vil sei han er redaktør for Vest-Telemark blad, og er vel den som kjenner og er tettast på kva som bevegar seg i Vest-Telemark. Han er også ein skikkelig Åsgrend patriot, der han bur heime på garden.
Øystein sin store lidenskap er fotball og det er Liverpool som gjeld, så han veit godt at ingen skal gå aleine. Det er berre å ta kontakt med Øystein på Facebook eller ta deg ein tur innom Vest-Telemark Blad nede i Kviteseidbyen