image

Brunkeberg Barnehage

Fellesskap, tryggleik og leik

Brunkeberg barnehage har to avdelingar, «»Blåbær», for dei minste barna og «Tytebær» for dei eldste. Barnehagen held til i fargerike lokale og er opptatt av at rommet skal vera tilrettelagt for barna. Ved overgang til skule, har barnehagen og skulen eit tett samarbeid. 

Brunkeberg oppvekstsenter er opptekne av at det pedagogiske arbeidet skal byggje på verdiane fellesskap, tryggleik og leik. Eit godt læringsmiljø skal bestå av inspirerande, engasjerande og medvitne vaksne som set barnet i fokus. 

Barns medverknad og læring heng saman med den vaksne si åtferd. Medverknad handlar om anerkjenning og inkludering. Barn har rett til å bli sett og hørt og vere deltagande. Det inneber å fange meiningsfulle augeblikk og undersøke barns opplevingar som utgangspunkt for læring.

image