Kviteseid historielag har til oppgåve å vekkje historisk interesse, auke og spreie kunnskap om Kviteseid gjennom tidene, verne om dei materielle kulturminna i kommunen og berge den munnlege tradisjonen som enno finst om liv og arbeid i eldre tid.
Laget set seg desse arbeidsoppgåvene:
- vera med å samle inn folkeminne, stadnamn og all slag tradisjon som knyter seg til ætt og heim og arbeidsliv.
- samle inn or bøker og blad og frå arkiv slikt som har, eller som ein kan tenkje seg vil få, historisk eller kulturelt verd for folket i Kviteseid.
- samarbeide med bygdesogenemnd og bygdetun-nemnd.
- arbeide for at heimkunnskap og lokalhistorie får ein sterk plass i skulen, og at lærarane får praktisk rettleiing i faget.
- skipa til møte om lokalhistoriske emne.