Barnehagen har tre avdelingar. «Fivrell» er avdelinga for dei minste på 1-2 år. «Ikønn» for barn i alderen 2-3 år og «Svintøks» for 4-6 åringane.

Kviteseid barnehage blei  opna hausten 1976 etter initiativ frå foreldre. 1. august 1995 flytte barnehagen til det lokalet dei nyttar nå. 1.- 4. klasse og SFO ved Kviteseid skule held til i underetasjen av bygget, og det er kort veg til Kviteseidhallen. Sommaren 2016 blei uteområdet oppgradert.

Rekrutteringsområdet for Kviteseid barnehage er heile Kviteseid kommune, men dei fleste barna kjem frå sentrumsområdet.