image

Kviteseid skule er ein 10-årig skule som har ca. 190 elevar og ca. 50 tilsette. 1.-4. trinn er samlokalisert med Kviteseid barnehage i eit eige bygg. 5.-10. klasse ligg like ved og flytta januar 2020 inn i nyrenovert, moderne bygg. 

Kviteseid skule har hatt språk som satsingsområde saman med resten av oppvekstsektoren og er ein språkkommune. Skulen har læringsbrett til alle elevar og lærarar og digitale tavler i alle klasserom. Kviteseid skule har vore med i satsinga «Inkluderande barnehage- og skulemiljø» i regi av utdanningsdirektoratet og jobbar kontinuerleg for at alle elevar skal trivast og ha eit trygt og godt skulemiljø. 

Som alle andre skular jobbar Kviteseid skule med å implementere læreplanen Kunnskapsløftet 20. I det høve er fokus på læring gjennom tverrfagleg samarbeid og å integrere dei tre tverrfaglege tema (livsmeistring og folkehelse, demokrati og medborgarskap og bærekraftig utvikling) i skulekvardagen. 

image