image

Straumsnes barnehage har ei avdeling og 14 plassar. Barnehagen ligg tett opp til naturen, og er opptatt av å nytte alle moglegheitane det gjev til leik og læring

Barnehagen er opptatt av å møte barna med omsorg, respekt og anerkjenning. Dei vaksne må vera gode rollemodellar for barna, slik at haldningane og handlingane gjev barna gode verdiar som dei tar med vidare i livet. Vi ser på barna som kompetente, og legg vekt på at dei har rett til å uttrykkje seg og delta, samstundes som alle tar ansvar for kvarandre. 

Kvardagen i barnehagen skal planleggjast, dokumenterast og vurderast. Gjennomføringa av planar må vera så fleksible at det er rom for spontanitet og medverknad frå barna. 

Barna i barnehagen på Straumsnes har kvar sin perm der personalet set inn foto, eigenproduserte bilder/ kunstverk og ymse andre ting vi har gjort.

image