image

Tone heiter eg og Vrådal er heimplassen min. Her er eg oppvaksen, og sommaren 2021 flytte eg tilbake hit med min betre halvdel Henning og dei tre ungane våre. Eg arbeider som lærar, er glad i å bli kjent med nye menneske og å bruke tid med dei eg kjenner frå før. Med tre ungar og travle dagar er naturen i Vrådal det beste du kan ha utanfor døra. Her er skog og fjell, flotte Nisser med ein nydeleg innlandsskjergard og her er rikeleg med turmål anten du vel ski, sykkel, båt eller føter. Eg viser deg gjerne veg til mine favorittstader og ønskjer deg elles varmt velkomen til vakre Vrådal! Du finn meg på FB. Håpar me sjåast!

image