Helse og omsorg
Kven kan du spørje med ein nyfødd i huset, etter skuletid eller når du treng hjelp heime?
Dei fyrste dagane heime
Jordmor tilbyr heimebesøk når de kjem heim med ein nyfødd, helst innan tre dagar. På helsestasjonen kan de møte andre foreldre på barseltreff.
Helsestasjon etter skulen
Er du mellom 13 og 20 år, kan du stikke innom helsestasjonen i Granlivegen på tysdagar i skuleåret. Det er gratis, og du treng ingen timeavtale.
Kontakt skulehelsetenesta Finn helsestasjonen for ungdomEin prat rundt kjøkenbordet
Det året du fyller 80, tilbyr ein sjukepleiar å kome heim til deg. Saman kan de snakke om kva du treng for å vere i aktivitet og bu trygt heime.
Om heimebesøket