Velkomen hit
Alle bygdetipsa

FjågesundTil fots

Tømmervegen til Ånås

Frå grendehuset stig vegen mot Hyvrenuten. Eit stykke går du på stein som vart lagd for å få tømmer ned frå fjellet. Oppe på nuten ser du kor smal Telemarkskanalen blir ved Fjågesund.

Fjågesund mellom skogkledde lier og vatnet.
Fjågesund sett frå lufta. Foto frå arkivet til Velkomen hit

Før du dreg

Parker ved grendehuset. Turen heilt til Ånås og attende er rundt seks kilometer og følgjer same vegen begge vegar.