Det går fint å ha badetøy i handleposen i Kviteseidbyen. Ved Sundkilen ligg parken og badebryggja midt i sentrum.
Legg handkleet på graset i parken ved Victoriabrygga. Frå badebryggja kjem du rett ut i Sundkilen. Vil nokon heller vente med å bade, kan dei halde av plassen i graset eller stikke opp til butikken etter is.
På veg tilbake kan du kike på dei to steinsøylene ved bryggja. Kviteseidingar som hadde flytt, sende heim steinar frå stadene der dei hadde slått seg ned. Sjå om du finn sandsteinen frå Svalbard med avtrykk av blad i.