Louis Moe budde i København, men om sommaren drog han til Juvlandsæter i Vrådal. I dag kan du gå rett inn i eventyrverda hans på turistkontoret midt i bygda.
Arvingane etter Moe har lånt ut 60 raderingar og trykk med motiv frå eventyr og mytar. Prøv dette framfor eit av bileta. La ein av dykk fortelje kva som hende rett før augneblinken Moe har teikna. Den andre får finne på kva som skjer etterpå. Du finn galleriet i Vråliosvegen 62. Sjekk opningstidene til turistkontoret før du dreg.