Ungdomslaget Dølen ville gje Morgedal ein stad å møtast om sommaren. Den fann dei i vasskanten ved Morgedalstjønni.
Sommaren 2011 tok ungdomslaget fatt på å ruste opp badeplassen på Morgheim. Året etter kunne dei invitere både bygdafolk og tilreisande til vatnet.
Frå stranda ser du langs tjønna, med skogkledde bakkar på andre sida. Hit kan du ta med handkle på veg heim, eller invitere nokon som er nye i bygda på det fyrste badet deira i Morgedal.