Følg fylkesveg 355 langs nordsida av Skreevatnet, så kjem du til Skreosen. Her har fossen drive både kvern og sag.
Ved Skreosfossen bygde Ole Blom sagbruk i 1804. Før lastebilane kom, fløytte dei tømmeret fram til saga og la det opp til vinteren. Då trevarebedrifta opna landhandel i 1931, kunne du til og med kjøpe radioapparat der. Du får framleis kjøpt trelast i bygda.
Skreosen høyrer til Kviteseid, men ein tur til naboane kan like gjerne gå til Hauggrend i Fyresdal eller Krossli i Tokke. Til Vråliosen er det berre eit lite stykke vidare austover.