Velkomen hit
Alle bygdetipsa

VråliosenBygdeliv

Bygda ved enden av Vråvatn

Kjem du langs Vråvatn frå Vrådal, dukkar det gamle trehotellet opp ved vestenden av vatnet. Her gjekk passasjerane i land då dampskipet var rutebåt.

Historisk bilete av ein kvit rutebåt som legg til ved det mørke trehotellet i Vråliosen.

Ruta gjekk frå Tveitsund over Nisser og vidare opp Vråvatn. Då Mikkel Flatland bygde hotellet i 1895, kunne ferdafolket overnatte ved bryggja før dei drog vidare med hest. På dei gamle bileta ser du kor tett båten la til husveggen.

Fylkesveg 38 går langs nordsida av vatnet. Mange i bygda reknar folk i Skreosen, Hauggrend, Krossli og Bandaksli som sambygdingar, sjølv om postadressene ligg i tre ulike kommunar.

Vråliosen på kartet

Sjå Vråliosen på bygdekartet