Velkomen hit
Meny
Sjå Ordal på bygdekartet

Ordal

Tre sider i møteboka og ein ny skule

Skulle dei flytte den gamle skulestova eller byggje ei ny? Striden om skulen i Ordal fylte tre sider i møteboka. Så kom bygdefolket med eit tilbod. Fekk dei tilskotet frå amtet og 300 kroner frå soknestyret, skulle dei ta bygginga sjølve. I 1896 stod den nye skulen ferdig på den gamle tomta.

Gardsbruk og grøne jorde i Ordal.
Gardsbruk og grøne jorde i Ordal.

Fjellsko og badebukse i same sekk

Ved Nystaulvatnet øvst i Ordal kan turfølgjet dele seg. Dei badeglade går ut i vatnet. Dei med niste og fjellsko tek stien mot Ordalssåta, forbi den gamle husmannsplassen Nystaul. Så kan de møtast ved badeplassen att.

Frå vatnet til toppen av Ordalssåta er det om lag fire kilometer og vel 500 høgdemeter éin veg. Det er den nest høgaste toppen i Kviteseid.

På småbruket Tytegrav langs Ordalsvegen har Kathrine Kinn fått sauer og mjølkegeiter inn på tunet att. Ho vann Bondespiren i 2026 for arbeidet med å få det nedlagde bruket i drift. Møt bonden på Tytegrav

Kvardagen

Bygdeforteljingar