Vinteren 1891 talde dei ferdsla i Fjågesund. På to månader kom dei til 758 hestar og 1 986 folk, og då hadde dei endå til gode å telje dei som reiste om natta. Eit av argumenta for betre veg var at folk i Bergsto og Fjågesund då kunne spleise på ein avlsokse.
Brua og gardane i Fjågesund, med skogkledde åsar kring sundet.
Dei bygde hus til den neste naboen
I Fjågesund gjekk folk saman på dugnad og bygde ein utleigebustad. Tanken var at det skulle gå an å prøve livet i bygda medan ein leita etter jobb og ein fast stad å bu. Vil du bli litt kjend før du kjem, kan du bla i bygdeavisa Fjågesund Posten.
Frå Ånås ser du både Fjågesund og Bergsto, dei to delane av bygda.
På ski rundt Knarren kan du krysse tre kommunar på same runden. Frå Knarrbua går løypa innom Kviteseid, Drangedal og Nome. Kart over Knarren rundt