Velkomen hit
Meny
Alle innflyttarvenene

VråliosenInnflyttarven

Birgith Reinskås Lunden

Spør meg om livet i Vråliosen

Birgith smiler til kameraet ute i skogen.

Eg voks opp i Skreosen og flytta til Lunden i 2013. Her bur eg med mannen min og dei to barna våre, som går på skule i Fyresdal.

Eg er utdanna landskapsarkitekt og er gründer, partnar og dagleg leiar i HØGDE. Vi har kontor i Fyresdal Næringshage. På fritida er eg birøktar, jeger og måneskinsbonde, og eg spelar i Kviteseid Hornmusikk.

I Vråliosen har vi naturen tett på og kort veg til fleire andre bygder. Her er det rom for både familieliv og nye verksemder. Eg leier Vråliosen grendelag, der vi arbeider for at folk frå bygda og bygdene rundt skal ha ein stad å møtast.

«Vi har alltid plass til fleire som ynskjer å engasjere seg! Ikkje nøl med å ta kontakt!»
Birgith med birøktarslør framfor eit kvitt hus.