Vråliosen
Då læraren fekk sin fyrste språktime
Einar Sollie kom til Vråliosen som lærarvikar i 1930-åra. Fyrste skuledagen prøvde han seg med sin eigen dialekt. «Høtt?» spurde ungane. Han la om til normert nynorsk, lærde seg bygdeorda etter kvart og vart verande i Vråliosen i 43 år.

Her gjekk turistane frå båt til hest
Vest i Vråvatn kom rutebåten frå Tveitsund til siste stopp. I 1895 sette Mikkel Flatland opp hotell i Vråliosen. Her kunne dei reisande sove ut før ferda over Haukeli, med hest og karjol. I dei gamle fotoalbuma ligg båten framleis ved hotellbryggja.
I dag reknar folk i Vråliosen naboar i Hauggrend, Krossli og Skreosen som sambygdingar. Til saman bur dei i tre ulike kommunar.
Bak dei gamle hotellveggene er det arbeid att. Camilla Koren og far hennar, Kjell, set i stand huset. Hausten 2026 fekk dei ei påskjøning frå Fortidsminneforeningen Telemark for å ta vare på hotellet. Far og dotter tek vare på hotellet