Velkomen hit
Alle innflyttarvenene

KviteseidInnflyttarven

Janneke

Janneke flytta frå Nederland til Noreg i 2012. Ho har undervist i begge land og tek gjerne ein prat med familiar som lurer på korleis skulekvardagen blir her.

Janneke smiler mot kameraet på ein fjelltur.

Korleis er det å kome ny inn i ein klasse der alle snakkar norsk? Kva vil barnet kjenne att frå skulen heime? Janneke kjenner klasserommet både som lærar i Nederland og som lærar i Noreg. Ho hugsar òg korleis det var å finne seg til rette i eit nytt land sjølv.

Etter jobb finn du gjerne Janneke mellom plantene i drivhuset, ute i hagen eller på tur. Om vinteren tek ho gjerne fram skøytene.

I den nederlandskspråklege podkasten «Wonen in Noorwegen» fortel Janneke og Arie Bakker om kvardagen i Noreg. Du kan høyre episodane på nettsida deira eller i podkastappen din.

«Lurer du på noko, er det berre å ta kontakt med meg.»
Janneke på skøyter og spegelbiletet hennar i isen på Sundkilen.
På skøytetur på Sundkilen.