Det gjer godt å møte eit kjent andlet når du er ny i bygda. Tarjei vil gjerne vere ein av dei fyrste du blir kjend med i Kviteseidbyen.
Tarjei er utdanna ved NTNU, har bakgrunn som entreprenør og er ein stolt bestefar. Me som kjenner han, veit at han har eit hjarte av gull. Han tek seg tid til ein prat, og treng nokon ei hjelpande hand, strekkjer han seg langt.
Kanskje du lurar på noko praktisk, kanskje du har lyst til å bli kjend med fleire, eller kanskje du framleis vurderer å flytte hit. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt. Eit «hei, eg er ny her» er ein fin start.