Velkomen hit
Alle bygdetipsa

VrådalLangrenn

Ljosløypa ved fotballbanen

Rett utanfor Vrådal sentrum ligg ein skirunde det er lett å få plass til etter middag. Du finn starten ved fotballbanen.

Den opplyste løypa og fotballbanen i Vrådal, sett ovanfrå i blått kveldsljos.

Her går løypa til Vrådal idrettslag om lag halvannan kilometer i lett skogsterreng. Dei som er ferske på ski, kan prøve éin runde. Den som framleis har futt i beina, kan ta ein til og møte dei andre att ved banen.

Skal du på ein lengre skitur, finst det òg rundløyper på Heia mellom Vrådal og Kviteseid. Der går spora i skogen, medan løypene ved skisenteret òg tek deg opp på fjellet.

Meir frå Vrådal

Sjå Vrådal på bygdekartet