Velkomen hit
Alle bygdetipsa

VrådalPadling

Med padlebrett på Venelifjell

På denne fjellturen kan du ta med åre i sekken. Venelitjørni ligg eit stykke til fots frå vegen, på stigen mot toppen av Venelifjell.

Ein padlar står på eit blått brett ute på skogstjørna på Venelifjell.

Start ved parkeringsplassen på Bendiksmyr ovanfor Vrådal. Stigen går på klopper over myra og vidare over berg. Eit oppblåsbart brett kan du bere i sekken fram til tjørna og pumpe opp ved vasskanten.

Gapahuken ved Venelitjørni er ein god stad for nista etter padleturen. Har du framleis lyst til å gå litt, held den merkte stigen fram mot toppen på 904 meter.

Meir frå Vrådal

Sjå Vrådal på bygdekartet