Åsgrend
Kven smidde på Heggtveit?
I Åsgrend fortalde folk at dvergen Fegge hadde smia si ved ein kolle på Heggtveit. Då arkeologane undersøkte bakken ovanfor gardstunet, fann dei minst tre eldstader der ein smed hadde varma jernet. Den eine låg under tak, to truleg under open himmel. Segna var merkeleg god som vegvisar.

Hundre år og huset fullt av lopper
Då skulehuset i Åsgrend fylte hundre i 2025, bad grendelaget bygdefolket leite på loft og i kjellarar. Loppene kom inn døra før innsamlingsdagen var i gang. No er det grenda som rår over skulen, og her kan du dekkje bord til konfirmasjon eller bursdag.
Skal du bade, kan du seie at du skal til Nyork. Etter soga stansa ein kar på veg til Amerika i Åsgrendbakkane. Der likte han seg så godt at han slo seg ned og gav staden namn.
På Siloen kan du stikke innom etter egg og honning i den gamle landhandelen ved E134. Her er det kaffi nede og bruktklede oppe. Namnet tok butikken med seg frå stallen der det heile byrja. Ein tur innom Siloen