Velkomen hit
Meny
Sjå Kilen på bygdekartet

Kilen

Dansemusikk over Flåvatn

Felemakaren Karl Mathison Rue i Kilen brukte svartor i botnen av felene og gran i loket. Så skulle lakken tørke i åtte veker. Det var lyd i dei òg, skal vi tru Anne Jordgrav. Ho fortalde at folk i Kilen kunne danse når nokon spela på ei Karlsfele på Groasida, over tre kilometer unna på andre sida av Flåvatn.

Husa og stranda ved Flåvatn i Kilen.
Husa og stranda ved Flåvatn i Kilen.

Femten år og kunstnar i kapellet

Marit Andersen frå Brunkeberg var femten år då ho laga krusifikset over altaret i Kilen kapell. Døypefonten og preikestolen kom òg frå Brunkeberg. Endre Sandland laga begge av ei gammal eik som hadde stått på tunet på Ormtveit.

Ved campingen nede ved Flåvatn ligg det 250 meter langgrunn sandstrand.

Etter eit bad kan du gå opp frå stranda og ta ein pizza på terrassen ved campingkiosken. Kiosken er open i sesongen og har òg nokre daglegvarer. Kiosken i Kilen

Kvardagen

Bygdeforteljingar