I 45 år arbeidde Gudmund Aslaksen, kalla Gulmon Mylla, på høvleriet i Skreosen. Sagmeisteren kunne òg visa «Tusseto», der ein fæl kar får ein sekk gull på ryggen og må danse til fela inne i fjellet. Trygve Naper høyrde visa av Gulmon og skreiv henne ned.
I 1928 fekk trevarefabrikken i Skreosen ein Ford med to gir. Opp bakkane frå Dalen mot Vinje gjekk det så smått at drosjesjåfør Lars Vadder, ifølgje Gunnar Naper, stansa bilen sin, sprang etter lasset og bad om å få sleppe forbi.
Lasteplanet var så kort at plankane måtte stikke fram på kvar side av førarhuset.
Skal du byggje ei trapp eller skifte kledning, kan du hente material i Fyresdalsvegen 177. Byggevarehandelen i Skreosen