Morgedal
Guten som stadig knakk skia
Olav Bjaaland frå Morgedal knakk så mange furuski at faren vart lei av å lage nye. Dermed måtte guten lære å lage ski sjølv. Nokre tiår seinare hadde Roald Amundsen bruk for nett dei hendene. På ferda mot Sørpolen gjorde Olav sledane lettare, og på ski gjekk han føre og fann vegen opp på polplatået.

Frå peisen til California
Følg stien opp til Øverbø, der Sondre Norheim vart fødd. I 1960 tende morgedølane ein fakkel her til vinter-OL i California. Elden fekk sitje på i open bil til Oslo og reiste vidare over Atlanteren i ei lita lampe på eit rutefly.
På ein sommartur kan du hente nøkkelen til stoga ved parkeringa og skrive deg inn i gjesteboka. Over 150 000 har skrive namnet sitt i bøkene før deg.
I bakstestoga til Skreppa steikjer dei Morgedalsbrau på takke, med grov kveite og Kviteseidsmør i deigen. Eit tips frå bakarane sjølve er å bryte flatbrødet i mjølk og ha banan og syltetøy attåt. Morgedalsbrau frå Skreppa